søndag 24. oktober 2010

Vidare arbeid med oppgåva i visuell kommunikasjon.

Etter ein del prøving og feiling med teikning, maling med vassfargar og bearbeiding av bilete på data har eg endeleg kome fram til nokre resultat som kan vere presentable. Har sjølv valt kva som skal vere det endelege arbeidet eg enda opp med, men på grunn av tidspress har innlegga på bloggen vorte få.

Hadde tenkt å leggje inn bilete i kveld, men det vil ikkje fungere. Får det ikkje til. Prøver seinare. Endeleg fekk eg til å leggje inn dei endelege "kunstverka" mine. Godt å vere ferdig med første oppgåve.



 Dette er starten på neste oppgåve: "kunstnaren min". Som de sikkert skjønar har eg valt Oddvar Torsheim.

mandag 11. oktober 2010

Arbeid med oppgåva i visuell kommunikasjon.



Eg starta arbeidet med oppgåva i visuell kommunikasjon etter første samling på Høgskulen. Då samla eg inntrykk med fotoapparatet. Her er nærbilete av ei georgine.

"Mennesket lærer gjennom sansene. Evnen til å se, føle, høre, lukte og smake gjør at det finner sted en vekselvirkning mellom menneske og miljø.... Jo større muligheten er for å utvikle økt følsomhet og større åpenhet for sanseinntrykk, jo større blir muligheten for å lære noe"- Viktor Lowenfeld.


På dei vakre seinsommar dagane vi var der, var det mange fine roser å sjå.


Dei mang epletrea kringom i dei fleste hagar gjorde stort inntrykk. Det er så frodig ved Høgskulen.


Studiestaden har også mange eldre, velhaldne, gamle hus. Kring desse er det også frodig med m.a. klatrebusker.

Dette er nokre av inntrykka eg samla på første studiesamling.

Kan noko av dette nyttast slik at eg kan vise overlapping ved å teikne og male?
Kan motiva nyttast i enkel biletbehandling?
Kan eg identifisere og samtale om bruken av symbolfargar?

fredag 8. oktober 2010

Bilete frå Vevringutstillinga.

I september var eg på Vevringutstillinga. Der fekk eg mange inntrykk, både bilete og skulpturar var utstilte.
Takk til Oddbjørg for tips om korleis eg kan leggje inn bilete.


Desse karaflane var ein del av utstillinga i glaskunst. Fleire eg snakka med kjente trong til å flytte på "korkane", sidan desse hadde ulike valørar. Kan dette ha noko med komplimentærfargane å gjere?

Dette er glaskunst av ein mannleg kunstnar. Desse glasskulpturane kunne ein halde opp mot lyset, inni skulpturen var det metall delar som symbol på hjernen?. Sokkelen var av bly, skulpturen var svært tung.

Dette bilete har noko med perspektiv å gjere. Orgelet er sett ovanfrå, og er eigentleg eit måleri slik eg hugsar det.