søndag 16. januar 2011

Nytt år og nye utfordringar.

Godt nyttår!
Det nye året tok til for ei stund sidan, og det er på tide å komme i gang att. Innlevering av oppgåver, eksamen og juleførebuingar gjekk over i kvarandre og gjorde at overskotet til å skrive blogg vart borte. Prøvde "land art" med elevane i klassen min i november. Eg hadde tenkt å leggje inn bilete frå dette, men det vart ikkje noko av. I staden fann eg at eg ville leggje inn bilete av julegåver eg laga i førjulstida. Vottane av tråd eg kjøpte av Johan, og julekuler eg strikka med oppskrifter frå boka "Julekuler" som kom ut i november.Tida for første samling i det nye året nærmar seg, så vi snakkast då.



onsdag 24. november 2010

Faglege refleksjonar kring val av ferdig arbeid.

Val av ferdig arbeid fall på biletet av eplet, ormen og mannen fordi den organiske linja i t. d. eplet ofte har ein kontinuitet og regelmessigheit i seg som kjenneteiknar ei god kurve. Den fører auga inn i ei roleg og kvilande rørslerytme, som likevel ikkje er kjedeleg, men tiltalande ( sjå oppgåva i visuell kommunikasjon ).

Eg ønskte at figurane på biletet skulle vere samla, slik dei var i utgangspunktet. Då får auga meir ro. Komplementærfargane, raudt og grønt, vert dregne mot og forsterkar kvarandre på biletet i form av eplet og ormen. - På same måten som eit ord først får si klare meining saman med andre ord, får einskilt - fargen sitt klare uttrykk og sin spesielle karakter saman med andre fargar. Dette kjem godt fram på biletet ved at eplet, ormen og mannen er teikna/ sydd på lyst, nøytralt stoff.
Det eg har nemnt ovanfor gjorde at det endelege valet vart slik det vart.

mandag 8. november 2010

Tankeprosessen undervegs til oppgåva "kunstnaren min"

Sidan eg sjølv likar og er interessert i å teikne måtte val av kunstnar verte ein som teiknar. Eg synest det er spennande å sjå korleis Torsheim kan lage eit motiv med enkle strek, og kva innhald biletet kan ha sjølv om det er enkelt utført. Som døme kan eg nemne måten han teiknar kvinner på som eg har kopiert og limt inn tidlegare i oppgåva. Biletet eg har valt, "Trekant i Paradiset" III, appelerer til meg på grunn av fargebruken, den organiske forma til eplet, og innhaldet det symboliserer.

Det er alltid spennande å analysere bilete. Bileta til Torsheim har ofte fleire detaljar, slik at ein ikkje alltid legg merke til alt første gongen ein studerer dei.
Målet med arbeidet mitt i oppgåva var å sjå på korleis Torsheim portretterar kvinna kontra mannen. Sidan biletet eg valde har eit kristent innhald, "Trekant i Paradiset" III,  påverkar nok dette korleis mannen ser ut. Mannen på biletet har grå og svart farge og symboliserer nok det vonde - djevelen. Sjølv om Torsheim portretterer van Gogh i det andre mannsbiletet eg har valt, er det store likskapstrekk. Begge portretta er sett framanfrå, og begge har eit sint/ dystert uttrykk i andletet. Ja, ein kan mest seie dei har likskapstrekk med Torsheim sjølv.

Kvinna på bilete har ein lysare framtoning, ho har m.a. stor fyldige lepper og smilande munn. Kan dette symbolisere freistingar, sett i denne samanhengen? Torsheim seier sjølv at kvinnebileta hans er grunnleggjande misforståtte. Meininga hans er å harselere med salet av kvinnekroppen.

Gjennom arbeid med biletet fann eg at eg ved å bruke ein kvit bakgrunn ville det raude, grøne og svarte kome enno sterkare fram, og det mørke ved "mørkemannen" ville verte meir framheva. Den raude/ oransje fargen kan ein sjå på som noko organisk, noko som er i oss sjølve. Den grøne ormen framhevar det raude, så det kjem tydlegare fram. Eg synest resultatet eg kom fram til vart godt. Det var kjekt å arbeide med teknikken eg hadde valt, og eg prøver den gjerne ut  vidare i andre uttrykk.


Vidare arbeid: Det kunne ha vore spennande å laga biletet i eit større format. Då måtte eg nok ha valt grovare materiale om eg skulle ha brukt den same teknikken, eller eg måtte ha brukt ein annan teknikk. Dette lyt vente til seinare når eg får betre tid.

søndag 7. november 2010

Arbeid med oppgåva "kunstnaren min"

Sidan eg likar å teikne kan eg seie dette har innverknad på val av kunstnar. Einar Økland seier i boka "I nynorskens skog"  at Torsheim er teiknar til tross for at han har laga akvarellar, litografiar og oljemåleri. Han er ikkje berre ein teiknande lyttar, han er også ein skrivande lesar. Når det gjeld fargebruk standardiserer han fargane: -kjærleiken- det raude, havet- det blå, natta - den svarte.Fargane er liksom der dei skal vere.

Eg har valt å konsentrere meg om eit av punkta frå Kunnskapsløftet:

"- diskutere hvordan kunstnere i ulike kulturer har framstilt mennesker gjennom tidene og bruke dette som utgangspunkt for eget skapende arbeid med portrett og skulptur".

Eg har valt å ta utgangspunkt i biletet:"Trekant i Paradiset"III, 1987. Dette biletet har eit religiøst innhald og er knytt til den kristne påverknaden Torsheim hadde i oppveksten. I tillegg ønskjer eg å sjå nærare på korleis Torsheim lagar portrett.

Korleis vert kvinna framstilt?- kva med fargebruk?
Korleis ser mannen ut?- særtrekk?
Kva med brik av fargar?

Sidan eg er usikker på om eg kan leggje ut bilete presenterer eg her ei skisse:


Eg laga også skisser av kvinna, eplet og slangen,
slangen, eplet og mannenn.






Eg valde å sjå nærare på kvinne og mannsuttrykk. Her kopierte, klipte og limte eg. På dette vil eg prøve ut ein ny teknikk der eg overfører det kopierte biletet til stoff ved hjelp av:
Art Medium lim  - som eg la på eit tjukt lag av oppå kopien
Bomullsstoff       - der eg limte på kopien og let dette tørke ca. 2 timar
Strykejern          - etter tørkink strauk eg kopien hardt og lenge med matpapir over og under
Bolle med lunka vartn  - bomullsstoffet med kopi låg i vatn ca. 2 timat
Vaseline                      - vrei opp stoffet, rulla av papiret, let tørke, smurde inn vaseline til slutt.
                                     Eitt døgns tørketid etter dette.


Dette er kollasjen eg laga av kvinneuttrykk:







Under har eg både kvinne og mannsuttrykk. Mannen har ofte eit slikt preg sjølv om det her er van Gogh Torsheim har teikna.


Til høgre kan du sjå det eine biletet overført til stoff.
Det kjem ikkje heilt til sin rett, men det vart det beste resultatet. Eg erfarte at det vart best resultat med bilete som hadde gode fargar.








Eg valde no å prøve silkemaling på uttrykket av kvinna, ormen og eplet. Til dette trengte eg silkestoff, gutta og silkemaling. Eg brukte skissa eg hadde laga av dette motivet og teikna det over på matpapir. Deretter la eg silkestoffet over matpapiret og markerte konturane med gutta. Dette for å stoppe utgliding av fargar når eg skulle male. Sjå bilete frå arbeidsprosessen:












Dette motivet vart påført gull - gutta

Etter å ha prøvd ut fargane på eit anna silkestoff sette eg stoffet inn i ein stor syring og malte dei ulike fargane eg skulle bruke inni konturane.
Problemet vart bakgrunnen, kva skulle eg gjere med den?
Eg valde å blande svartmalinga med litt vatn. Det fungerte bra. Kvinna vart kvit i andletet, kontrasten vart stor. Kva skulle eg gjere med dette? Eg valde å leggje eit svart pappark bak stoffet. Resultatet vart bra, eg var nøgd.

Undervegs medan eg prøvde ut teknikkane eg har omtala ovanfor, arbeidde eg med teknikke teikne med tråd. Eg har prøvd dette ut med barn i barnehage og skule tidlegare, og visste at dette var arbeidssamt. Likevel har eg aldri sjølv prøvd ut teknikken til fulle. Eg tok utgangspunkt i boka til Inger Øyre: Tegne med tråd.Då fann eg ut kva materiale eg trengte. Eg tok utgangspunkt i skissa av slangen, eplet og mannen, starta med hovedmotivet - eplet, laga så slangen. Til slutt laga eg konturen av mannsansiktet og teikna deretter med tråden. Stinga eg brukte var tråklesting, attersting, kjedesting og plattsaum. Eg vart nøgd med resultatet.      
Plasseringa av bileta vart litt så som så. Dei ville ikkje liggje der eg ville dei skulle vere, men eg reknar med at de likevel har fått innsyn iarbeidsprosessen min.

søndag 24. oktober 2010

Vidare arbeid med oppgåva i visuell kommunikasjon.

Etter ein del prøving og feiling med teikning, maling med vassfargar og bearbeiding av bilete på data har eg endeleg kome fram til nokre resultat som kan vere presentable. Har sjølv valt kva som skal vere det endelege arbeidet eg enda opp med, men på grunn av tidspress har innlegga på bloggen vorte få.

Hadde tenkt å leggje inn bilete i kveld, men det vil ikkje fungere. Får det ikkje til. Prøver seinare. Endeleg fekk eg til å leggje inn dei endelege "kunstverka" mine. Godt å vere ferdig med første oppgåve.



 Dette er starten på neste oppgåve: "kunstnaren min". Som de sikkert skjønar har eg valt Oddvar Torsheim.

mandag 11. oktober 2010

Arbeid med oppgåva i visuell kommunikasjon.



Eg starta arbeidet med oppgåva i visuell kommunikasjon etter første samling på Høgskulen. Då samla eg inntrykk med fotoapparatet. Her er nærbilete av ei georgine.

"Mennesket lærer gjennom sansene. Evnen til å se, føle, høre, lukte og smake gjør at det finner sted en vekselvirkning mellom menneske og miljø.... Jo større muligheten er for å utvikle økt følsomhet og større åpenhet for sanseinntrykk, jo større blir muligheten for å lære noe"- Viktor Lowenfeld.


På dei vakre seinsommar dagane vi var der, var det mange fine roser å sjå.


Dei mang epletrea kringom i dei fleste hagar gjorde stort inntrykk. Det er så frodig ved Høgskulen.


Studiestaden har også mange eldre, velhaldne, gamle hus. Kring desse er det også frodig med m.a. klatrebusker.

Dette er nokre av inntrykka eg samla på første studiesamling.

Kan noko av dette nyttast slik at eg kan vise overlapping ved å teikne og male?
Kan motiva nyttast i enkel biletbehandling?
Kan eg identifisere og samtale om bruken av symbolfargar?

fredag 8. oktober 2010

Bilete frå Vevringutstillinga.

I september var eg på Vevringutstillinga. Der fekk eg mange inntrykk, både bilete og skulpturar var utstilte.
Takk til Oddbjørg for tips om korleis eg kan leggje inn bilete.


Desse karaflane var ein del av utstillinga i glaskunst. Fleire eg snakka med kjente trong til å flytte på "korkane", sidan desse hadde ulike valørar. Kan dette ha noko med komplimentærfargane å gjere?

Dette er glaskunst av ein mannleg kunstnar. Desse glasskulpturane kunne ein halde opp mot lyset, inni skulpturen var det metall delar som symbol på hjernen?. Sokkelen var av bly, skulpturen var svært tung.

Dette bilete har noko med perspektiv å gjere. Orgelet er sett ovanfrå, og er eigentleg eit måleri slik eg hugsar det.