søndag 7. november 2010

Arbeid med oppgåva "kunstnaren min"

Sidan eg likar å teikne kan eg seie dette har innverknad på val av kunstnar. Einar Økland seier i boka "I nynorskens skog"  at Torsheim er teiknar til tross for at han har laga akvarellar, litografiar og oljemåleri. Han er ikkje berre ein teiknande lyttar, han er også ein skrivande lesar. Når det gjeld fargebruk standardiserer han fargane: -kjærleiken- det raude, havet- det blå, natta - den svarte.Fargane er liksom der dei skal vere.

Eg har valt å konsentrere meg om eit av punkta frå Kunnskapsløftet:

"- diskutere hvordan kunstnere i ulike kulturer har framstilt mennesker gjennom tidene og bruke dette som utgangspunkt for eget skapende arbeid med portrett og skulptur".

Eg har valt å ta utgangspunkt i biletet:"Trekant i Paradiset"III, 1987. Dette biletet har eit religiøst innhald og er knytt til den kristne påverknaden Torsheim hadde i oppveksten. I tillegg ønskjer eg å sjå nærare på korleis Torsheim lagar portrett.

Korleis vert kvinna framstilt?- kva med fargebruk?
Korleis ser mannen ut?- særtrekk?
Kva med brik av fargar?

Sidan eg er usikker på om eg kan leggje ut bilete presenterer eg her ei skisse:


Eg laga også skisser av kvinna, eplet og slangen,
slangen, eplet og mannenn.






Eg valde å sjå nærare på kvinne og mannsuttrykk. Her kopierte, klipte og limte eg. På dette vil eg prøve ut ein ny teknikk der eg overfører det kopierte biletet til stoff ved hjelp av:
Art Medium lim  - som eg la på eit tjukt lag av oppå kopien
Bomullsstoff       - der eg limte på kopien og let dette tørke ca. 2 timar
Strykejern          - etter tørkink strauk eg kopien hardt og lenge med matpapir over og under
Bolle med lunka vartn  - bomullsstoffet med kopi låg i vatn ca. 2 timat
Vaseline                      - vrei opp stoffet, rulla av papiret, let tørke, smurde inn vaseline til slutt.
                                     Eitt døgns tørketid etter dette.


Dette er kollasjen eg laga av kvinneuttrykk:







Under har eg både kvinne og mannsuttrykk. Mannen har ofte eit slikt preg sjølv om det her er van Gogh Torsheim har teikna.


Til høgre kan du sjå det eine biletet overført til stoff.
Det kjem ikkje heilt til sin rett, men det vart det beste resultatet. Eg erfarte at det vart best resultat med bilete som hadde gode fargar.








Eg valde no å prøve silkemaling på uttrykket av kvinna, ormen og eplet. Til dette trengte eg silkestoff, gutta og silkemaling. Eg brukte skissa eg hadde laga av dette motivet og teikna det over på matpapir. Deretter la eg silkestoffet over matpapiret og markerte konturane med gutta. Dette for å stoppe utgliding av fargar når eg skulle male. Sjå bilete frå arbeidsprosessen:












Dette motivet vart påført gull - gutta

Etter å ha prøvd ut fargane på eit anna silkestoff sette eg stoffet inn i ein stor syring og malte dei ulike fargane eg skulle bruke inni konturane.
Problemet vart bakgrunnen, kva skulle eg gjere med den?
Eg valde å blande svartmalinga med litt vatn. Det fungerte bra. Kvinna vart kvit i andletet, kontrasten vart stor. Kva skulle eg gjere med dette? Eg valde å leggje eit svart pappark bak stoffet. Resultatet vart bra, eg var nøgd.

Undervegs medan eg prøvde ut teknikkane eg har omtala ovanfor, arbeidde eg med teknikke teikne med tråd. Eg har prøvd dette ut med barn i barnehage og skule tidlegare, og visste at dette var arbeidssamt. Likevel har eg aldri sjølv prøvd ut teknikken til fulle. Eg tok utgangspunkt i boka til Inger Øyre: Tegne med tråd.Då fann eg ut kva materiale eg trengte. Eg tok utgangspunkt i skissa av slangen, eplet og mannen, starta med hovedmotivet - eplet, laga så slangen. Til slutt laga eg konturen av mannsansiktet og teikna deretter med tråden. Stinga eg brukte var tråklesting, attersting, kjedesting og plattsaum. Eg vart nøgd med resultatet.      
Plasseringa av bileta vart litt så som så. Dei ville ikkje liggje der eg ville dei skulle vere, men eg reknar med at de likevel har fått innsyn iarbeidsprosessen min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar