mandag 8. november 2010

Tankeprosessen undervegs til oppgåva "kunstnaren min"

Sidan eg sjølv likar og er interessert i å teikne måtte val av kunstnar verte ein som teiknar. Eg synest det er spennande å sjå korleis Torsheim kan lage eit motiv med enkle strek, og kva innhald biletet kan ha sjølv om det er enkelt utført. Som døme kan eg nemne måten han teiknar kvinner på som eg har kopiert og limt inn tidlegare i oppgåva. Biletet eg har valt, "Trekant i Paradiset" III, appelerer til meg på grunn av fargebruken, den organiske forma til eplet, og innhaldet det symboliserer.

Det er alltid spennande å analysere bilete. Bileta til Torsheim har ofte fleire detaljar, slik at ein ikkje alltid legg merke til alt første gongen ein studerer dei.
Målet med arbeidet mitt i oppgåva var å sjå på korleis Torsheim portretterar kvinna kontra mannen. Sidan biletet eg valde har eit kristent innhald, "Trekant i Paradiset" III,  påverkar nok dette korleis mannen ser ut. Mannen på biletet har grå og svart farge og symboliserer nok det vonde - djevelen. Sjølv om Torsheim portretterer van Gogh i det andre mannsbiletet eg har valt, er det store likskapstrekk. Begge portretta er sett framanfrå, og begge har eit sint/ dystert uttrykk i andletet. Ja, ein kan mest seie dei har likskapstrekk med Torsheim sjølv.

Kvinna på bilete har ein lysare framtoning, ho har m.a. stor fyldige lepper og smilande munn. Kan dette symbolisere freistingar, sett i denne samanhengen? Torsheim seier sjølv at kvinnebileta hans er grunnleggjande misforståtte. Meininga hans er å harselere med salet av kvinnekroppen.

Gjennom arbeid med biletet fann eg at eg ved å bruke ein kvit bakgrunn ville det raude, grøne og svarte kome enno sterkare fram, og det mørke ved "mørkemannen" ville verte meir framheva. Den raude/ oransje fargen kan ein sjå på som noko organisk, noko som er i oss sjølve. Den grøne ormen framhevar det raude, så det kjem tydlegare fram. Eg synest resultatet eg kom fram til vart godt. Det var kjekt å arbeide med teknikken eg hadde valt, og eg prøver den gjerne ut  vidare i andre uttrykk.


Vidare arbeid: Det kunne ha vore spennande å laga biletet i eit større format. Då måtte eg nok ha valt grovare materiale om eg skulle ha brukt den same teknikken, eller eg måtte ha brukt ein annan teknikk. Dette lyt vente til seinare når eg får betre tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar